– Medan Noreg sørgjer over tapet av ein så stor skikkelse, sluttar heile familien min seg til i minnet om ein høgt elska slektning og venn, der godheita, medkjensla og den djupe pliktkjensla nådde oss over hav og tiår, skriv han i eit minneord.
– Dronninga og eg sender våre djupaste og mest inderlege kondolansar til dronning Sonja og heile familien hennar, i ei tid der Storbritannia deler Noregs sorg over dette hjarteskjerande tapet, fortset kong Charles.
Kong Harald var oldebarnebarn av Storbritannias dronning Victoria og dermed firmenningen til den britiske monarken.
– I 35 år tente kong Harald folket sitt med urokkeleg godhug og leidde Noreg gjennom tider med store forandringar med varme og audmjukskap, skriv kong Charles.
Han minner om at Storbritannia og Noreg har nære historiske og familiemessige band, og at britane var blant dei første til å anerkjenne norsk sjølvstende i 1905.
– Desse spesielle banda vart ytterlegare styrkte under den fryktelege prøvinga som andre verdskrigen var, og bidrog til å knyte dei to landa våre endå tettare saman, skriv kong Charles.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #113753](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/Tf3bWwpTZCg.jpg)



0 kommentarer