Netanyahus utfordrar støttar heller ikkje tostatsløysing

av | 27. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Mannen som truleg er den sterkaste utfordraren til statsminister Benjamin Netanyahu ved valet i oktober, Gadi Eisenkot, seier han er sterk motstandar av ei tostatsløysing på Palestina-problemet.

Den tidlegare sjefen for det israelske forsvaret, IDF, seier i eit intervju med avisa Israel Hayom torsdag at skiping av ein uavhengig palestinsk stat ved sida av Israel ville vera «eit bittert feilgrep».

Sentrumspartiet til Eisenkot, Yashar, kan erstatta Likud-partiet til Netanyahu som den største grupperinga i Knesset, viser dei siste meiningsmålingane. Men verken Likud eller utfordraren Yashar kan rekna med å få fleirtal åleine. Breie koalisjonar er norma i israelsk politikk.

Gadi Eisenkot har tidlegare vorte kritisert for å ha vike unna eit klart standpunkt i debatten om ei tostatsløysing.

I intervjuet med Israel Hayom seier han at alle som snakkar om ei tostatsløysing etter Hamas-angrepet 7. oktober 2023, er «heilt galne».

Men Eisenkot kritiserer samtidig dei mest ytterleggåande medlemmene av regjeringa til Netanyahu og busetjarvalden mot palestinarar på Vestbreidda. Han er særleg uroleg for at den ekspansive bustadbygginga vil svekkja Israels omdømme internasjonalt.

(©NPK)