Ifølgje flyplasstyresmaktene i Frankfurt har seks tilsette fått påvist malariasmitte.
Helsestyresmaktene i Frankfurt opplyser no at to av dei er døde. Dei fire andre blir behandla på sjukehus.
Ifølgje Robert Koch-instituttet (RKI) døydde dei to truleg etter å ha vorte stukke av anopheles-mygg som kom med eit fly.
Eit eksemplar av myggen er fanga og sendt over til Institutt for tropisk medisin i Antwerpen i Belgia. Der skal det gjennomførast genetiske testar i eit forsøk på å slå fast kvar myggen kom frå.
Også i 2023 vart det registrert eit utbrot av tropesjukdommen malaria på ein flyplass i Tyskland.
Malaria blir forårsaka av parasittar som spreier seg via mygg av anopheles-slekta. Symptoma er kvalme, hovudverk og intense bølgjer av feber og frysningar.
Sjukdommen forårsakar årleg fleire hundre tusen dødsfall i verda, hovudsakleg i Afrika sør for Sahara.
Pasientane blir vanlegvis friske dersom smitten blir oppdaga tidleg og dei får behandling.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #113053](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/qqlLzcXx4Qs.jpg)



0 kommentarer