Ifølgje lokale medium forårsaka eit jordskjelv eit is- og jordskred som utløyste ein flaum.
Skredet som ramma Tibet, kom rundt klokka 10.30 lokal tid i grenseområda mellom landa i Himalaya.
Det er også mange døde eller skadde menneske i Tibet, melder det statlege kinesiske nyheitsbyrået Xinhua.
Vegar er sperra, straumen er gått, og kommunikasjonslinjer er brotne, ifølgje Xinhua.
Jordskjelv, skred og flaum
Det amerikanske jordskjelvinstituttet USGS har meldt om eit jordskjelv med styrke 4,4 i regionen.
Jordskredet vart utløyst på nepalsk side og førte til store skadar og mange sakna ved knutepunktet Gyirong Port i Tibet, melder den statlege kinesiske kringkastaren CCTV.
Bhotekoshi-elva fløymde over, og fleire landsbyar skal vera øydelagde. Innbyggjarar er også bedne om å halda seg unna elvane Trishuli og Narayani.
384 turistar
Kinas president Xi Jinping har bede om at alle ressursar blir sette inn i redningsarbeidet, og visestatsminister Zhang Guoqing er på veg til staden.
384 turistar er sakna etter skredet, blant dei 291 utlendingar, ifølgje turiststyresmaktene i Nepal. Blant dei er 105 indarar. Også turistar frå USA, Storbritannia og Malaysia er blant dei sakna.
Utanriksdepartementet har så langt ikkje teke imot opplysningar som tyder på at norske borgarar er ramma av skred og flaum i Nepal, opplyser pressetalsperson Cecilie Roang i ein e-post til NTB.
– Om lag 30 norske borgarar har registrert opphaldet sitt i Nepal, og vi har sendt melding til desse, skriv Roang.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #112797](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/TufiKgqlJZA.jpg)


0 kommentarer