Den australske platebransjeorganisasjonen Australian Recording Industry Association (Aria) opplyser ifølgje BBC at dei nye retningslinjene skal bidra til å «framheve den menneskelege sida ved kunstnarleg verksemd».
Avgjerda kom etter ein kontrovers om ein coverversjon av Madonnas 1989-hit «Like A Prayer», som den australske DJ-en Josh Fawaz stod bak.
Låten toppa hitlistene i Australia etter at han vart sleppt i april, og er strøymd over 48 millionar gonger berre på Spotify.
Men Fawaz vart ifølgje Rolling Stone Australia møtt med brei fordømming frå det australske musikkmiljøet for bruken av generative KI-verktøy i produksjonen av låten.
DJ-en hadde først oppført seg sjølv som artist og onkelen Fadi Fawaz, best kjend som partnaren til avdøde George Michael, på synt og produksjon. Seinare la han til KI-kreditering på låten for vokal og trommer, skriv The Guardian.
– Eg bruker KI som verktøy. Alt eg bryr meg om, er å gi lyttarane mine god musikk, skreiv Josh Fawaz på Instagram.
Ifølgje dei nye australske reglane kan KI-verktøy framleis brukast som hjelpemiddel, men menneske må ha skrive songen og stå for hovudvokalen og primærinstrumenta.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #112530](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/YBrQdCVz1K4.jpg)



0 kommentarer