Det skriv Trump i ei melding på Truth Social.
– Canada har i årevis utnytta USA. Den latterleg høge tollen deira på landbruksprodukta til amerikanske bønder har gjort livet umogleg for desse store amerikanske patriotane og har lenge skapt eit handelsunderskot på 60 milliardar dollar mellom dei to landa, skriv Trump.
– Dette er ikkje berekraftig, og det er ikkje lenger akseptabelt, seier han.
USA er ifølgje Trump ikkje avhengig av Canada.
– På handelsområdet og på andre måtar er Canada blant dei verste landa i verda å forhalda seg til. Dei oppfører seg som om dei har krav på noko – men VI TRENG IKKJE CANADA, DEI TRENG OSS. Dei gjer 95 prosent av handelen sin med USA, medan vi gjer det stikk motsette, skriv han.
USA har frå før gitt ein tollsats på 50 prosent på ei rekke canadiske varer etter at dei to landa ikkje klarte å einast om ein tollavtale innan fristen laurdag.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #112103](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/pGtsrfWxKl8.jpg)



0 kommentarer