Ein analyse gjort av AFP viser at temperaturen bikka 40 grader i område med til saman 80 millionar innbyggjarar i Europa. Analysen tok for seg datoar frå midten av juni til midten av august.
30 millionar menneske i Frankrike, 23 millionar i Spania og 8 millionar i både Tyskland og Italia har registrert temperaturar på over 40 grader minst éin gong.
Såpass høge temperaturar er svært uvanlege i fleire av områda, noko som har ført til problem på mellom anna skular og sjukehus som ikkje har hatt aircondition.
Over 80 prosent av kontinentet har opplevd at gradestokken har bikka 35 grader. Det gjeld om lag 490 millionar menneske.
Land som England, Belgia, Nederland og Polen har registrert temperaturar over 35 grader. Det er temperaturar utanom det normale i desse landa.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #111070](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/be5KlMzCJ7A.jpg)



0 kommentarer