Trump har også sagt at han vil møte Nord-Koreas leiar Kim Jong-un i løpet av året. Dette har skapt uro i Sør-Korea og andre land i regionen som er allierte med USA.
Tidlegare på dagen melde både Sør-Korea og Japan at Nord-Korea hadde avfyrt eit prosjektil dei mistenkte var ein ballistisk rakett. Rakettane flaug 300 kilometer og vart truleg avfyrte i retning Japanhavet.
Ein ballistisk rakett, eller eit ballistisk missil, er eit rakettdrive våpen som blir skote opp i høg boge – ofte ut i verdsrommet – før det fell med enorm fart mot målet ved hjelp av tyngdekrafta. Dei er laga for mellom anna å kunne bere atomvåpen.
Nord-Korea avfyrte ein ballistisk rakett i same retning 12. august. Den auka aktiviteten frå nordkoreanarane kjem same veke som Trump har beordra ei nedskalering av den årlege militærøvinga mellom USA og Sør-Korea.
Nord-Korea reknar desse som «invasjonsøvingar» og testar ofte ballistiske rakettar i samband med at dei blir haldne.
Sør-Koreas forsvarsminister Ahn Gyu-bak sa torsdag at Nord-Korea truleg har 80–120 atomstridshovud.
Kim Jong-uns søster, Kim Yo-jong, skuldar Sør-Korea for å ha skapt sin eigen tryggingspolitiske katastrofe.
I ei fråsegn kallar ho situasjonen ein «openberr katastrofe skapt av det urealistiske og anakronistiske sikkerheitssynet» til Sør-Korea. Ho kallar dessutan forholdet mellom Sør-Korea og USA for eit «herre-og-tenar»-forhold.
– Sør-Korea har hausta det dei har sådd, seier ho.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #111014](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/9Kaxgt4igg8.jpg)



0 kommentarer