Det siste året har 197 personar vorte vurderte for varetekt med fotlenke, medan 59 sikta har gjennomført slik varetekt, skriv Kriminalomsorga i ein pressemelding.
I dag sit 15 personar i varetekt med fotlenke, og to er under 18 år.
Ein av dei er Marius Borg Høiby, som er varetektsfengsla inntil ankesaka mot han kjem opp i Borgarting lagmannsrett. Han har nyleg fått avslag på å bli sett fri med omvend valdsalarm.
Fotlenke inneber at den sikta må opphalde seg ein bestemd stad, til dømes i sin eigen heim. Det skal vere mindre inngripande enn vanleg varetektsfensling, mellom anna ved å redusere isolasjon. Det er retten som vedtek varetekt med fotlenke.
Av dei 59 har 21 vore sikta for vald, 17 for vinningslovbrot som tjuveri og fem for narkotikalovbrot. 10 har undervegs i varetekta vorte overførte til fengsel for å ha brote ordninga, til dømes ved å ha rusa seg. 10 personar var under 18 år då dei vart påsett fotlenke.
– For nokre sikta kan dette vere eit tilstrekkeleg og meir skånsamt tiltak enn fengsling, samtidig som behovet i samfunnet for kontroll og tryggleik blir vareteke. Ordninga er effektiv ressursbruk, men ho gir også tryggleik for innbyggjarane i samfunnet, seier Lise Sannerud, direktør i Kriminalomsorgsdirektoratet.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #109234](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/PnJSq5oGJfg.jpg)



0 kommentarer