NRK: Ap-toppar varsla om mogleg spion før pågriping

av | 13. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): PST varsla både statsminister Jonas Gahr Støre og utanriksminister Espen Barth Eide om ein mogleg spion før han vart pågripen på Gardermoen sommaren 2024.

Mannen i 30-åra hadde hatt fleire politiske verv og var tidlegare med i eit lokallag i Arbeidarpartiet. Han vart pågripen på Gardermoen i juli 2024.

Dokument frå etterforskinga som NRK har fått innsyn i, viser at Espen Barth Eide (Ap) i eit avhøyr med Politiets tryggingsteneste (PST) sa at både han og Støre (Ap) vart varsla om at mannen skulle pågripast. Dei vart varsla sidan mannen tidlegare hadde vore Ap-medlem.

Mannen i 30-åra vart sikta for forsøk på spionasje til fordel for Kina, men i januar i år vart saka lagd bort på grunn av mangel på bevis.

Advokat Marius Dietrichson, som er forsvararen til mannen, reagerer på opplysningane.

– Det er eit viktig rettsstatsprinsipp at påtalemakta skal jobbe uavhengig av politiske styresmakter. Det bør ikkje vere kontakt før viktige steg som dette. Det skal vere tette skott, seier Dietrichson til NRK.

Fungerande leiar for etterforsking og påtale i PST, Nina Bakken, opplyser til NRK at PST etter ei konkret vurdering kan orientere Justis- og beredskapsdepartementet, og eventuelle andre departement, ved pågripingar som vil få offentleg merksemd, og ved siktingar som truar tryggleiken i riket.

(©NPK)