Romania stenger den siste atomreaktoren sin – set kolkraftverk i drift

av | 13. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB-Ritzau): Det statlege energiselskapet i Romania har vedteke å stenge den einaste atomreaktoren som er i drift, på grunn av låg vasstand i elva Donau.

Vatnet frå Donau blir brukt til å kjøle ned atomreaktoren, men hetebølgja i Europa har ført til tørke og vassmangel i elva.

Landet har to atomreaktorar, begge ved Donau. Den andre vart stengd tidlegare i sommar.

Når dei no nedstengde reaktorane er i drift, produserer dei ein femdel av all straum i landet.

For å kompensere for mangelen på atomkraft, har energidepartementet i Romania sett eit kolkraftverk i drift. Dei håpar også at vind- og vasskraft kan hjelpe med å dekkje straumforbruket.

Romania har erklært energimessig unntakstilstand som følgje av nedstengingane, og oppmodar alle til å avgrense straumforbruket i periodane med størst press.

(©NPK)