(NPK-NTB): Kong Harald sender kondolansen sin til Colombias president Abelardo de la Espriella etter jordskjelvet som skaka landet måndag.
– Det var med stor sorg at eg fekk bodskapen om det øydeleggjande jordskjelvet i Colombia, som har kravd så mange liv, skriv kongen i eit brev til de la Espriella tysdag.
– På vegner av meg sjølv og det norske folket ønskjer eg å uttrykkje mi djupaste medkjensle til deg og befolkninga i Colombia, og ber deg bringe min mest hjartelege kondolanse til dei etterlatne familiane og andre som er ramma av denne tragiske hendinga, seier han.
Colombia vart ramma av eit kraftig jordskjelv målt til 7,4 i styrke måndag. Over 200 er stadfesta døde og ein går ut frå at over 3000 personar er sakna.
Skjelvet har også ført til store skadar på infrastruktur, og til saman har over 160 bygningar kollapsa.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #108165](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/5wgWH63Pr8U.jpg)



0 kommentarer