Kompaniet Verdensteatret blir lagt ned etter 40 år

av | 7. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Det anerkjende kompaniet Verdensteatret legg ned drifta etter endå eit avslag frå Kulturrådet. Ein bransjebladredaktør er kritisk til at departementet ikkje vil utvide ordningane.

Kompaniet fall i fjor ut av Kulturrådets tilskotsordning for etablerte kompani, og i sommar fekk dei igjen avslag, skriv Klassekampen.

– Vi klarer ikkje ein ny kamp og ein ny runde med politikarane i håp om å bli redda eitt år til, seier medgrunnleggjar Asle Nilsen.

Kompaniet har 40-årsjubileum i år, men no er det klart at siste prosjekt blir installasjonen «Lucida» på Dikemarkfestivalen i Asker laurdag.

Therese Bjørneboe, redaktør i Shakespearetidsskriftet, meiner Verdensteatret har vore med på å skape ein norsk gullalder innanfor fri scenekunst.

– Det er bekymringsverdig at ikkje departementet vil utvide ordningane i Kulturrådet, seier Bjørneboe.

Statssekretær Erlend Hanstveit (Ap) påpeikar i ein e-post til Klassekampen at regjeringa har auka kulturfondet med over 150 millionar kroner totalt, til over 1 milliard kroner. Han understrekar at det er Kulturrådet sjølve som vedtek fordelinga av midlar.

Verdensteatret er eit Oslo-basert kunstkollektiv og teaterkompani etablert i 1986, kjent for sine tverrkunstnariske og teknologisk innovative framsyningar. Gruppa kombinerer scenekunst, bilete, lyd og mekaniske skulpturar i komplekse audiovisuelle verk, og dei har vunne fleire prestisjefylte utmerkingar som Heddaprisen og amerikanske Bessie Award.

(©NPK)

0 kommentarer

Send inn en kommentar