Ariana Grande trekkjer seg frå rampelyset

av | 3. august 2026 | 0 kommentarer

(NTB-NPK): Ariana Grande vil trekkje seg tilbake frå offentlegheita etter den pågåande turneen sin. Avgjerda kjem etter langvarig offentleg gransking av utsjånaden og helsa til popstjerna, ifølgje People.

Det melder magasinet People, som siterer ein representant som seier at popstjerna si «offentlege verksemd» har utsett henne for «endelaus, vedvarande offentleg gransking».

Skulle spele i musikal

Grande har også trekt seg frå ei planlagd oppsetning av Stephen Sondheims musikal «Sunday in the Park with George», som skal ha premiere ved Barbican Centre i London sommaren 2027.

I ei fråsegn publisert på nettsida til kunstsenteret stadfesta Barbican at Grande hadde vedteke å trekkje seg frå produksjonen, som også skulle ha hatt «Wicked»-kollega Jonathan Bailey i ei av hovudrollene.

– Vi veit at dette ikkje kan ha vore ei enkel avgjerd, og ho tek henne med vår fulle forståing og støtte, heiter det i uttalen.

Reuters har kontakta representantane til Grande for ein kommentar.

Spekulasjonar om helsetilstand

Den rapporterte avgjerda kjem etter år med offentleg spekulasjon om Grandes utsjånad og helse, ei merksemd som auka etter at musikkvideoen «Petal» vart sleppt 31. juli. Videoen følgde lanseringa av albumet med same namn.

I videoen speler Grande ein ambisiøs artist som fleire gonger blir avvist på audition av eit panel med mannlege dommarar. Dei omtaler henne som «ingenting spesielt», «kjedeleg å sjå på» og «desperat», og skuldar henne for å ha «gjort for mykje med seg sjølv». Mot slutten av videoen tek ho ei motorsag til dommarpanelet.

I sosiale medium har fleire kommentert at utsjånaden til songaren har endra seg, enkelte påpeikar at ho har vorte veldig tynn.

Grande, som har vunne tre Grammy-prisar, vart også nominert til ein Oscar for rolla si som Glinda i den første «Wicked»-filmen.

Ho har tre gjenståande konsertar på Chicago-delen av turneen, før ho innleier ti kveldar på O2 Arena i London. Turneen er sett til å bli avslutta der 1. september.

(©NPK)

0 kommentarer

Send inn en kommentar