– Det han vil seie, er at han synest dette er ei forferdeleg hending, seier forsvararen til kapteinen, advokat Taavi Tuula til Aftonbladet.
Det var tysdag 28. juli at det norskeigde lasteskipet Misje Verde køyrde ned ein fritidsbåt med eit svensk par i 40-åra og dei to barna deira om bord.
Utskrive frå sjukehuset
Far og son greidde å ta seg ut av båten og symje mot overflata. Dei vart redda opp av vatnet gjennom det som blir beskrive som snarrådig innsats frå båtfolk som hadde ankra på øya Katten for natta.
Dei pådrog seg alvorlege skadar, men mannen var måndag skriven ut frå sjukehus, opplyser Sahlgrenska Universitetssjukhuset ifølgje Sveriges Radio.
Guten får framleis behandling på sjukehuset, men tilstanden skal vere stabil.
Mor og dotter i familien vart funne døde av dykkarar på havbotnen torsdag. Den eine var i den nedsokne fritidsbåten, medan den andre var eit stykke unna.
– Nærast overkøyrt
Begge fartøya hadde same køyreretning i lengre tid før ulykka skjedde ved Tjörn. Fritidsbåten køyrde likevel langt langsamare enn Misje Verde og vart nærast overkøyrd av det norske lasteskipet, opplyste påtaleansvarleg James von Reis søndag.
Kapteinen på det norske skipet vart søndag varetektsfengsla. Han er mistenkt for aktlaus valding av andre sin død. Mannen har vore pågripen sidan torsdag kveld.
– Heilt uavhengig av kven som er ansvarleg eller ikkje ansvarleg for denne hendinga, så er det ei forferdeleg hending som påverkar han mykje, seier advokaten til kapteinen Taavi Tuula til avisa.
– Han har snakka ope i avhøyr, og han er oppteken av at alle omstende kjem på bordet. Han lid naturlegvis med pappaen og sonen, seier Tuula vidare.
Advokaten fortel at kapteinen har over 20 års erfaring, og at han reagerte med forferding då han forstod kva som hadde skjedd. Han nektar straffskuld.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #105440](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/kNY0_DEa5ZQ-3.jpg)


0 kommentarer