(NPK-NTB-AFP): Cuba er endå ein gong ramma av eit landsomfattande straumbrot.
Det statlege nettselskapet UNE skriv i sosiale medium at det har oppstått ei «total fråkopling» i det nasjonale elektrisitetsnettet.
Heile landet, inkludert hovudstaden Havanna, har gått i svart. Kunngjeringa kom natt til måndag.
Førre gong det nasjonale straumnettet braut saman, var 14. juli. Det var tredje gong på ni dagar at øya vart mørklagd.
USAs oljeblokade mot Cuba, som har gått føre seg i fleire månader, har lamma øyas allereie utdaterte kraftproduksjonssystem. Cubas kraftforsyning kjem hovudsakleg frå oljeprodukt, som står for over 80 prosent av straumforsyninga i landet, ifølgje Det internasjonale energibyrået (IEA).
(©NPK)




0 kommentarer