(NPK-NTB-Reuters-AFP): Eit jordskjelv ramma i natt Sinai-halvøya i Egypt. Det har ikkje komme meldingar om øydeleggingar.
Skjelvet fann stad ved 3-tida natt til måndag. Episenteret var nordvest på Sinaihalvøya, om lag 41 kilometer nord-nordaust for byen Suez, og kunne merkast i hovudstaden Kairo. Det kunne også kjennast i den egyptiske byen El-Arish, som ligg på grensa til Gazastripa.
Det tyske jordskjelvsenteret GFZ målte først styrken på skjelvet til 5,4, men nedjusterte det kort tid etter til 5,1.
Det amerikanske jordskjelvinstituttet USGS målte styrken på skjelvet til 5,3 og nedjusterte det seinare til 5,0.
Begge institutta lokaliserte djupna til 10 kilometer under jordoverflata.
Egyptiske styresmakter målte skjelvet til ein styrke på 5,5.
Det har ikkje komme meldingar om personskadar eller øydeleggingar på bygningar, opplyser egyptiske Raude halvmåne.
Området er utsett for jordskjelv, ettersom det ligg i grenseområdet mellom den afrikanske plata og den arabiske plata. Kraftige jordskjelv er likevel uvanlege i regionen.
Egypts dødelegaste jordskjelv i moderne tid ramma landet i oktober 1992. Då mista over 500 menneske livet og tusen mista heimane sine då eit skjelv med styrke 5,8 ramma Kairo.
(©NPK)



0 kommentarer