– Vi godtek ikkje éi krone i skattekutt til dei aller rikaste. Tvert imot. Dei éin prosent rikaste blant oss bør betale mykje meir, sa AUF-leiar Gaute Skjervø då han opna sommarleiren torsdag – med klar adresse til statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og far til skattekommisjonen, finansminister Jens Stoltenberg (Ap).
AUF-leiaren har også tidlegare uttalt seg kritisk til Stoltenbergs skattekommisjon, som har foreslått milliardkutt i formuesskatten.
– Vi skal seie nei når skattekommisjonen i Stortinget, Framstegspartiet og resten av høgresida krev kutt i formuesskatten, sa Skjervø.
– Arbeidarpartiet må finne tilbake til livsnerven
Han seier at AUF vil løfte dei som har minst, og sørgje for at dei som har mest, betaler ein rettferdig del.
– Milliardærane bestemmer prisen på maten vår. Dei forureinar klimaet vårt. Og dei gjer alt i si makt for at skatten skal betalast av nokre andre, sa Skjervø i talen sin.
Fredag tek han imot Støre på Utøya, og kjem med ein tydeleg beskjed:
– Arbeidarpartiet må finne tilbake til livsnerven sin. Til eksistensgrunnlaget vårt. Til å få bukt med økonomisk ulikskap.
– Dei med mest må betale mest
AUF-leiaren peikar på at Noreg skal framover skal bruke mange pengar på å ruste opp Forsvaret.
– Og vi skal betale for dei enorme skadane som kjem med klimakrisa. Og vi skal halde fram med å behalde det beste velferdssamfunnet i verda. Då må ikkje rekninga for det blir lempa over på bussjåførane, ikkje på sjukepleiarane eller på ho som jobbar skift på verket.
– Nei, dei som har mest, må også betale mest.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #104635](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/07/V-96DG5ZEuk.jpg)



0 kommentarer