Framleis stor skogbrannfare i sør – ikkje komme nok regn

av | 29. juli 2026 | 0 kommentarer

(NTB-NPK): Faren for skogbrann er framleis stor i delar av Telemark og Agder, åtvarar Meteorologisk institutt. Dei peikar på at det ikkje har komme nok regn til å dempe faren.

– Det har komme litt regn i sør det siste døgnet, men det er ikkje nok, seier statsmeteorolog Sigrid Marie Vildskog Auganæs i ei melding på loggen til nødetatane.

Ho understrekar at veldig store område kan bli ramma dersom det skulle byrje å brenne.

– Skogbrannfaren er stor inntil det kjem tilstrekkeleg nedbør, seier ho og ber folk om ikkje å bruke open eld og å følgje instruksjonar frå lokale styresmakter.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) sette måndag ein beredskap på seks skogbrannhelikopter frå tysdag til torsdag. Så langt i år har helikoptera rykt ut til 50 brannar.

For desse dagane er det sendt ut varsel om stor skogbrannfare i delar av Agder og Telemark. Det er også varsla om skogbrannfare på Austlandet og i andre delar av Agder.

(©NPK)

0 kommentarer

Send inn en kommentar