(NTB-NPK) Opptrappinga av situasjonen i Midtausten gjer at NRKs utanriksreporter Yama Wolasmal ikkje kan reise frå Beirut. Han kan dermed ikkje møte på Stiklestad i Trøndelag laurdag.
Det skriv Stiklestad nasjonale kultursenter og Museene Arven i ei pressemelding, ifølgje Adresseavisen.
– Eg er utruleg lei meg for at eg ikkje får komme til Stiklestad. Eg hadde nemleg gledd meg stort til å halde den tradisjonsrike talen under Olsokdagane, seier Wolasmal.
Tema for årets olsokfestival er kjeldekritikk. Wolasmal har vore korrespondent sidan 2020 og har rapportert frå den kaotiske situasjonen i Midtausten dei siste åra.
NRK-journalisten får likevel bidrege til årets festival.
– Heldigvis får eg gjort det live frå Beirut med dei ferskaste inntrykka frå dramatikken som går føre seg i Midtausten, seier Wolasmal.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #102205](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/07/hfMsDonmAao.jpg)



0 kommentarer