Sverige: Greier ut kultur som våpen mot gjengane

av | 21. juli 2026 | 0 kommentarer

(NTB–NPK): Kan kultur fungera som ei kraft mot kriminalitet og ungdomskriminalitet? Det vil den svenske regjeringa finna ut.

Det er Rådet for kriminalitetsførebygging (Brå), ein svensk statleg etat under Justisdepartementet i Sverige, som no får i oppgåve å greia ut dette.

Formålet er å auka kunnskapen om korleis kultur på ulike måtar kan bidra til auka tryggleik og mindre kriminalitet – mellom anna gjennom meiningsfulle fritidsaktivitetar og møteplassar.

– Kultur kan styrkja demokrati, samhald og sosial inkludering, ikkje minst blant barn og unge. Brå skal derfor auka kunnskapen om den kriminalitetsførebyggjande rolla til kulturen og korleis ho kan bidra til å motverka mellom anna gjengkriminalitet og ekstremisme, seier justisminister Gunnar Strömmer (M) i ei pressemelding.

Rådet skal leggja fram funna sine i midten av desember 2027.

(©NPK)